Pilegrim i sommar

I sommar kan du både vera med på pilegrimsstevne i Røldal, Seljumannamesse på Selja og på Kinn, vandra frå Jondal over fjellet til Reisæter eller ta deg ein tur på eiga hand langs kysten eller over land.

Kinn kyrkje er ei av kyrkjene langs Kystpilegrimsleia som held ope i sommar. Foto: Sunnivaleia.

Røldal

Pilegrimshelg i Røldal 2. - 4. juli. 
Les meir på Ullensvang kyrkjelege fellesråd sine nettsider

Selje

Det blir Seljumannamesse på Selja 4. juli kl. 12, men også arrangement 3. juli. Les meir på seljumannamesse.no

I samband med Seljumannamessa helga den 3. og 4. juli 2021, blir det offisiell opning av det regionale pilegrimssenteret i Selje prestegard.

www.seljeprestegard.no


Jondal

Du kan gå ei noko krevjande dagsvandring mellom Krossdalen i Jondal og Reisæter i Sørfjorden laurdag 10. juli (flytta frå torsdag 8. juli). Påmelding innan 8. juli. Frammøte på ferjekaien i Jondal kl. 09:10. Sjå Jondal kyrkje sine nettsider

Kinn

Seljumannamesse med vandring torsdag 8. juli kl. 16:30 - 20:00 
Olsokgudstenste med vandring t — 20:00

Kinn kyrkje er open med vertskap på staden, etter planen frå 21. juni og ut august. Når det er vertskap på staden, blir det halde tidebøn to gonger for dagen. 

Kystpilegrimsleia

Det blir lagt ut ein del arrangement på kystpilgrimsleia.no  

Pilegrimsvandring frå Egersund til Stavanger, 2. - 6. august.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"